T.Frivik Taubanedrift AS starta hausten 2004. Det vart då innkjøpt ei ny kran Mounty 4000. I mars 2007 kom det ein ny Mounty 4100 til Norge.
Før den tid dreiv dagleg leiar Torbjørn Frivik i fleire år firmaet Frivik Skog og Sag. Vi dreiv då med Igland 5000 og ein Igland Alpevinsj. Framkøyring med traktor og hengar.
I dag driv vi firmaet med eit arbeidslag på Mounty 4000, som hovudsakleg går i Sogn og Fjordane. Samtidig driv eit lag med ein pr. mars 2007,ny Mounty 4100 for Allskog BA og Vestskog BA.
Uttak av skog i bratt terreng er vår spesialitet.
Men vi tar på oss alle typar oppdrag, også innan anleggsvirksomheit. |