Full fart alle plassar
Vi har fått ei ny bane til i drift. Det er ein KMS 12U som er sett i arbeid i Svelgen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Her tek vi ut ei gammal røyrgate og skal legge inn ei ny.
Dette er ein jobb vi gjer for BIS Production partner i Høyanger som har oppdraget for Elkem Bremanger. Til dette arbeidet har vi fått på plass ei ny bane det er ein KMS 12 U.
I tilegg har vi fått ein ny løpekatt med to vinsjer som går uavhengig av kvarandre eller vi kan samkøyre dei. På den måten kan vi legge rør i den vinkelen det måtte vere behov for.
Til å flytte den nye bana har vi fått ein Mercedes 4×4 med bakmontert kran.
I skogen går dei to Mounty maskinene for fullt, den eine for Vestskog på Husnes. Så skal dei videre til Bergen og så til Sørfjorden.
Den andre går for Allskog BA i Ørsta så skal den ein tur til Sogn og Fjordane før den skal tilbake til Mjøsen til høsten.
Nokre lenkar til avisoppslag:
På tømmerhogst i Indre Ofredal (25/1-11)
Ekspert på hogst i bratt terreng (pdf)
Ytre Sogn Avis: Frå Jølster (pdf)
Fjuken, 19/2-09:
Taubane taklar bratta i Dyringslia (pdf)
(Gudbrandsdølen Dagningen 17/1-09):
Hogger på kanten av stupet del1
Hogger på kanten av stupet del2